Om Gvarvhamna

Gvarv båtforening har bryggeanlegg i Gvarvhølen, nær Gvarv sentrum. Elva frå osen (Norsjø) til Gvarv er merka med raude og kvite bøyer og er normalt farbar for båtar som stikk opp til 80-100 cm djupt.

Vi har 3 flytebrygger med ca 100 plassar. Etter havari under flaumen i oktober 2010 vart den midtre brygga skifta ut med 10 stk 7-meters element frå NorMarine, Nordfjordeid.

Hausten 2013 vart det bygd ny A-brygge,ferdig til sesongen 2014. D-brygga blei fornya i 2016.

Ved dei to faste bryggene har vi uttak for elektrisitet og vatn, og søppelkontainer. Vi har ikkje toalettanlegg. Fastbryggene er servicebrygger og liggetida er maks to timar.

Vaktselskap held oppsyn med hamna i sesongen.

Utsettingsslippen er til bruk for medlemmene. Vi bed om at dei som regelmessig brukar slippen til utsetting og ilandtaking melder seg inn i foreninga og betaler medlemskontingent (p.t. 300 kr i året). 

Alle som har båtplass er forplikta til å møte på minst ein dugnad i året, eller betale ei dugnadsavgift (p.t. 400 kr). Dugnadsdatoane blir varsla som SMS når det er behov for mannskap.
Dugnader blir innkalla etter behov (innkalling pr SMS).

HUSK:
Vi oppmodar alle som spelar på Norsk Tipping om å gje grasrotandelen til Gvarv båtforening.

Kontaktadresser: "

Formann:

Leif Rune Espeseth
Rukarvegen 82
3811 Hørte
9064 6579
9057 6503

Hamnesjef:

Kenneth Nystøl


4163 1148

Kasserar:

Anita Tveitan Kaasin
Notevarpvegen 5
3810 Gvarv
4121 4697

Sekretær:

Anita Tveitan Kaasin


4121 4697




Sist oppdatert: 05.04.2017 av Per Kristian Halle
Hamna tidleg i 2011-sesongen